Denne veka har det skjedd mykje, og det som er det kjekkaste, er at vi berre er halvvegs! Eg er spent på dei neste dagane, for å seie det slik. De skal no få innpass i mitt ypperlege liv!
Mandag er ein travel dag. Det er for det første den einaste dagen eg er så godt som permanent sikker på at eg skal ha fri. Difor kan eg tillate meg å planleggje litt nokre dagar i førevegen. Eg planla difor på sundag å endeleg møte Laila, som òg er i den ihuga opplyftande situasjon å bu i London. Men ho kunne ikkje møte meg før nesten 6pm, som dei seier her, så eg måtte då finne på noko å gjere før den tid. Det trefte seg slik at Helga og Maria Praksisstudent hadde tenkt seg ut på tur, så eg bestemte meg for å trenge meg inn i fellesskapen med dei, og sa “la oss reise til Notting Hill”. Og det gjorde vi. Det var, som vanleg, relativt guddis. Vêret kunne sagtens vore betre, men det kunne sagtens vore verre òg. Vi var innom diverse butikkar av ulikt kaliber, og eg tok meg i å kjøpe gryande julegåver. No er det i gang! Etter endt shopping byrja vi såvidt på heimveg, men vi hadde ikkje kome langt då vi kom over ein kafè som solgte slike

Cupcakes heiter det på lokalmålet
og vi måtte berre setje oss beint ned. Eg ska ikkje nemne at vi følte oss litt kvalme og ute av form etterpå. Det var i alle høve verdt det.
Etter eg hadde sagt adios, tok eg tuben opp til Oxford Cirkus, og gjekk ned og bort og opp til Covent Garden for å treffe Laila, som visst nok går for å vere asiatisk (på namnet å døme) i England. Det var eit hjarteleg og gjenkjennande møte. Vi var sjølvsagt, obligatorisk som det er, på kafè

Tida gjekk fort, og då eg såg på klokka innsåg eg at eg hadde greve ferdig grava mi med tanke på middagsavtalen eg hadde om fem min. Men eg lot det gå, og vart betre sein enn aldri. Paul hadde bede oss til ein nyddla middag beståande av hjortegryte med tilbehør. Det var snasent guddis, som er av dei meir skjeldne guddistypane. Her er stemninga på festen godt illustrert.

Her òg:

Paul har også fått bladd fram snusen i leppa. Då er alt som det skal vere.
Ja, det var ein lang og kjekk dag, tenkjer de sikkert. Og det var det! Det skal også nemnast at Martine gjerne ville gå heim, men vart nedstemt av dei andre to. Der ser de den tydelege forskjellen på ein vestlenning og aust- og sørlenningar!
Tysdag var eg og Laila igjen samla, denne gongen for å sjå den nye filmen “The maginerium of doctor Parnassus”. Det var ein meget spesiell film, men dog guddis, sidan det var den siste til ‘the late’ Heath Ledger. Jepp. Den var jo morosam då, for så vidt.
I dag var eg på mitt første sjølvstendige heimebesøk! Det var morosamt og kjekt og rart i ei einaste smørje. Ikkje så mykje meir å seie om det anna enn at det var tre hjartelege (med veldig forskjellige måtar å vise det på) damer eg fekk æra av å visitere (hehe. Ja, her tyder det å gå på visitt til). Då eg kom heim, var det stemning for å gå på Sillka og ete, og det gjorde vi, i stor stil. Indinsk mat er snyta godt!
Etterpå var vi på den finaste puben i London, som tilfeldigvis er nabo med oss. ..Og då skulle dataen min slå seg vrang, då eg skulle laste opp dei siste bileta. Jaja, la gå, då får de berre sjå det føre dykk. No skal eg altså det leggja meg.
God natt, godtfolk