Eg likar stilla. Eg tek meg sjølv opptil fleire gongar i å berre sitte stille utan å gjere noko spesielt. Kanskje særleg no vinterstid, “når alle lyder pakkes inn i vatt” og det er kaldt ute. Ja, då sit eg av og til berre inne og er stille. Høyrer på klokka som tikkar, litt romstering i andre delar av huset, kjøleskapet som så lojalt arbeider jevnt og trutt for at eg skal kunne ta meg eit glas kald melk eller sleppe å ete varm agurk, og så bortetter. Og sjølv om eg stundom kjem på at det faktisk er under halvparten att av februar og at det då kanskje er på tide å ta semesteret på alvor, klarer eg likevel å gløyme det òg av og til. Det er kjekt.

Panikken kan eg spare. Morgondagen får syte for seg.