I dag kan ein vel saktens seie at teikna er sikre. Våren er i anmarsj! Og zxxccccccccccccd (Øystein ville også skrive, klart han skulle få lov til det). Og det på høgste nivå (at våren er i kjømda altså)! Dette er i aller høgste grad til stor glednad for folket, på generell basis vil eg absolutt kunne tore å påstå. Vi nytta høvet til å ete middag, forøvrig rjomegraut med spekemat, på verandaen akkompagnert av sol og skyfri himmel. Det var rett og slett herla å droppe lesesal og oppgåveskriving til fordel for dette. Iført solbriller og strikkajakker inntok vi måltidet med største apetitt, og eg tenkte med meg at no! kan snøven stikke for denne gong. Vi får jo berre håpe at han kan innfri. Dog samlar skyene seg atter på himla, ser eg no. Vi er moglegens ikkje heilt fri for snofall. Men nyte det medan vi kan, kan vi!

Eg skal slutte av med nokre ord eg kauka til i dag, som seier sitt: Vår, trallalla vår, trallalla vår, trallalla vår, trallalla vår, i år!

Grunna manglande kamera, fann eg dette biletet som illustrasjon

Grunna manglande kamera, fann eg dette biletet som illustrasjon