Dette bør eg jo absolutt ikkje gjere når eg har fire tusen ord å skrive til tysdag, men la gå, denne nyhenda kan eg ikkje la vere uskriva sjølv no i desse tider. Det har seg slik at eg skal til London til hausten! Tru det eller la ver, men det skal ho Martine. Nokre veit kanskje at eg er av dei som har praksis frå tid til annan, og at eg i den samanheng befann meg i England sin hovudstad og (ein kan vel kalle den) verda sin store metropol, London. Tydelegvis fekk eg blod på tann, for no, i denne augneblinken, befinn eg meg i den positur å plutselig skulle kalle denne same byen min heimby frå august ‘09 til juni ‘10. Dette er jo over all fatteevne og forventning. I laupet av to dagar har planane mine for neste år vorte lagt føre meg som togskinner på løpande band, kva no enn det skal tyde. Eg skal til London, og ikkje berre på besøk. Om tredve år kan eg seie til kven det no er eg delar mine nostalgiske minner med at: ja det var då eg budde i London, då… meir veit eg ikkje no om kva eg kjem til å seie, sidan det, obviously, ligg eit lite stykke inn i framtida på dette tidspunkt (ja eg må jo byrje å forberede meg også språkleg sett). Slik er det. Det vert bra løye!