Dei siste nettene har eg vore så sprek at eg har sove i sovepose ute på vår smekre veranda. Det har vore guddis, om eg skal seie det på lokalmålet. Kaldt og utfordrande ja, men desto meir spanande, og eg har fått høgre tonkar om meg sjølv på friluftsfronten. Om han hadde fått snusen i og høyrt rykta om det hadde nok ikkje Lars Monsen rista på hovudet til at eg skulle bli med på tur. Nei han hadde nok heller tigga instending om at eg skulle bli med og vere hans kompanjong til evig tid (kompanjong? Merkeleg at ein veit korleis visse ord vert skrivne på engelsk og ikkje på norsk). Uansett. Ikkje i dag. I dag var det ikkje så guddis å vakne som det har vore dei andre dagene når sola har vekka oss istadenfor klokka. Viss ein skal vere ærlig så var det strengt tatt ikkje klokka som vekte oss i dag heller, det skal ho ikkje ha på seg. Det hadde jo vore lukka det, om det var så vel! Nei i dag var det nedbør og det i i fast form. Etter ein nærare kik kunne vi konstantere at det var snøv. Snøv over alt. På verandagolvet, på madrassa (alias liggeunderlaget), eit fint dekke over heile soveposen, i håret og i andletet. Og eg som trudde våren var komen for å verte verande no. Nei, der vart vi lurte trill rundt heile gjengen i stakkars Oslo by. Visa enda med at eg måtte ta på meg vinterskorna før eg rutjsa til skule. Og trur de ikkje at det var eit himla sparkføre også!
mars 27, 2009
mars 29, 2009 at 20:23
Det va nok guddis
mars 30, 2009 at 12:47
men nå er det blii bedre igjen. selvom det har vært kaldt i dag. i dag va vi på overtidskontroll på sykehuset. husker du det var to uker siden vi satt på huskonserten og jeg trodde jeg hadde veer? takke meg til. de samma “veene” har jeg nærmest hver dag siden. det gjør vond, og jeg begynner seriøst å vurdere epidural! i dag på kontrollen kunne de i alle fall konstatere at ungen har det bra de inne, og at jeg i alle fall har åpna meg litt (ved en særdeles ubehagelig gynekologisk undersøkelse). men om det tar en dag eller uke før jeg er på fødestua, det ante hun INGENting om, selv etter å ha pint meg for informasjonens skyld. hehe. altså, jeg har ikke glemt deg og løftet mitt om informasjon når det kommer til nyheter. det finnes bare ingen.
april 26, 2009 at 12:17
kanskje på tide å oppdatere. vi er noen som følger med vet du. for så lenge.