Her kjem ei oppdatering på lavt nivå. Det er vel på tide, vil nokon seie. Dei har nok så rett så rett. Livet mitt er veldig spanande for tida. Så variert og fylt med glede og eg boblar over av entusiasme, og nye idear virvlar rundt som blad om hausten. Poetisk plagiat er det heller ikkje fritt for. Punktvis:

- Lesesal på høgskulen i Staffeldtsgate står høgt i kurs

- Kyrkjehistorieboka Kirke og Misjon gjennom 2000 år ligg opa på pulten

- Dataen er rykande varm og varierer mellom studentnett, word, wikipedia, hotmail, bibelen.no, facebook og no – hjertvik.wordpress.com

- Lunsj

- Lengtande blikk ut på sola

- Ein is i ny og ne

- Overtrøtt fjasing før heimtur

- Klage litt over livet til tolmodig kjærast

- Legge seg

Konklusjon: Dette er jo livet! Neida, det er verkelig ikkje så gale, må de tru.

Eg kan føye til at vi opplevde ein regnskur av skjeldant kaliber i gårkveld i 00.00 tida. DET HØLJA NED. Eg og Øystein sprang ut og klina. Nesten som på film.