I går forlot eg lesesalen klokka seks til fordel for denne kjekke overraskinga:

Det er kjærasten sin det
Til dei som ikkje fattar, hadde min kjære kjærast, Øystein Urke, laga til piknik i hagen til eg kom heim, er han ikkje ein kjekk kar?? På teppe av lin frå Etiopien sat vi og åt Calzone og drakk saft og hørte på radio i sola. Det var ein strålande eftermiddag, kan ein vel i mildaste laget seie.
Her er eg med Calzona mi, kjøpt og betalt i Italien, går eg utifrå:

Eg er nøgd
Her er Øystein, med meg, radioen og huset i bakevja. Er han ikkje guddis?

Det var ein fullkomen ettermiddag, om eg skal uttrykke meg sådan.
I dag, dagens:
Eg håper Øystein les dette innlegget før eg kjem heim i kveld så han skjønar at eg ikkje lenger er sur fordi han sølte HEILE mjelkeglaset mitt (MED MJELK OPPI) utover HEILE meg i dagtidlig. Til dei som er spesielt interreserte (det bør du vere Øystein) så lukta det mjelk av låra mine etter eg hadde teke av meg den mjelkesprengde buksa. Men på trass av denne absurde, relativt irriterande, men dog litt humoraktige hendinga, var det ein veldig koselig frokost vi inntok på verandaen forut for dette. Her er prov:

Idyll 1

Idyll 2
mai 2, 2009 at 16:18
Eg er spesielt interessert ja. Bra. Ikkje eg heller:)Og no er den nyvaska. Og det var vel på tide likavel…
….
Koselig blogg…
mai 2, 2009 at 23:46
Så kjekt! Det ser for meg ut som om du har gjort litt av eit kupp når det kjem til han der Urke. Litt mjølkesøling kan vel skje den beste. Men så er vel mjølka i Oslo ikkje på nynorsk.
mai 3, 2009 at 08:42
Nei det er ho ikkje. Så då er det vel berre til å søle ho ut. Tenkji. Han er eit varp ja.
mai 3, 2009 at 09:50
med stor fare for å gjenta meg selv må jeg si at bloggen din sannsynligvis er det mest underholdene på webben. eller “veven”, som dere sier på nynorsk? bare for å følge pp liksom?
mai 3, 2009 at 12:14
Artig med mjølkespreng! (Kunne nokon ha kome til å kommentert)
mai 3, 2009 at 16:51
Det måtte vel vere du som gjorde det! Hoho
mai 4, 2009 at 17:18
Han er litt av ein kjekking, han der Urke.
mai 6, 2009 at 13:36
HAN ER EIN KJEKKAS SKAL EG SEIE DEG