Ein månad og ein dag er gått, sju eksamenar gjennomført, fleirfoldige isar etne, eit titals klesvaskar hengt opp, tørka, tekne ned, og bretta. Mange solodagar har vi også vore velsigna med. Motivasjonen min for å skrive blogginnlegg i dag, er i hovudsak det faktum at den heller ukjente bloggen “I Kristiania” har fått nytt liv, og eg kunne ikkje vere dårligare enn det.
Saka er at eg eigentleg ikkje har noko å skrive om, så eg skriv i skrivande stund utelukkande for å skrive noko.
Apropos. Det nye hotte som har skjedd i dag er at Øystein har fått annangrads forbrenning på eitt av sine muskuløse lår. Snakk om hot news. Han er likevel guddis og har beheldt sitt kjekkasaktige preg, trass alt. No, til dømes, sit han ved sida av meg og fniser.
I kveld tek eg den eminente buss a la natt heim til Ørsta for å vere der heilt til søndag kveld. Eg skal oververe storslåtte hendingar og inaktive stunder både i mitt hus og andre sine. Eg gleiar meg!
Straks er det sumar. God eftermiddag.
juni 5, 2009 at 18:32
eminente buss a la natt.
du e so moshom!
juni 23, 2009 at 02:47
festlig. nå er klokka 04.48 og maria har nettopp fått nattmåltidet. for øvrig ligger hun ikke og sover nå, istedet ligger hun med vidspente øyne og kikker på hendene sine, promper og prater med seg selv. i går sovnet hun altså ikke før sju. hjelp.