Vi har på sjømannskyrkja i London ein liten blå bil som har fått det kjekke namnet Lille Blå. Eg trudde først det var den store blå bilen som heitte det, men så viste det seg at det var den vesle, ironisk nok.
No skulle eg legge ved ein song eg håpte var på youtube, men som ikkje var der. Så eg skal heller referere teksta.
Lille Blå, Lille Blå, Max er av de store, og du er av de små. Men lille Blå, Lille Blå, store og små kan vere bestevenner å.
Kanskje kjem det bilete. Eg veit ikkje.
Her er onkel Blå

Ja no skal eg seie dykk, alle mine gode lesarar, at det har skjedd litt sidan sist! Jommen sa eg smør. Eg skal starte med byrjinga. Eg og Øystein var i Hellas. Det var guddis og ganske romantisk trass i den store prosenten av ålesundarar somhadde ein dominerande effekt og kom pulserande i puljer direkte frå Vigra. Vi var i grunnen litt stuck der vi budde på den ganske store øya ved namn Samos, fordi Øystein ikkje fekk lov til å leige scooter. Han var for liten. Neida. For gamal faktisk. Men vi var i Tyrkien ein dag og såg ruinane av den antikke prydbyen Efesos, det var guddis. Elles var mat, kødding og klining ein relativt stor del av veka.


Men det er jo ganske lenge sidan no. Her følgjer ymse bilete frå sommaren.




Så får eg litt frynsegoder når eg har fått ein eldgamal kjærast, og fekk vere med i to bryllaup på tre dagar. Og sett vekk ifrå køyringa frå Urke til Flekkefjord, der eg og Ruth Eva måtte slite med to fjols heile vegen, var det kjekke dagar!
Så var dagen komen. LONDON next. Det var ein tårevåt avskjed på gardermoen. Akkurat slik ein avskjed skal vere mellom to elskande som tek farvell for alltid (slik kan det verke). Det kunne gått rett inn i ein film frå kvar som helst. Så no sit eg her så, med skjegget i postkassa, og oppdaterer for alt det er verdt. London er forresten ein stor og kjekk by. Og eg får besøk av min kjære om halvanna veke!!!! GUDDIS