Som dei fleste, eller dei som bryr seg, har fått med seg, har eg flytta til kjekke London. Det er ein stor og fin by. Moglegdomes by! Ville kanskje nokre sagt. Andre, smeltedigelens by! Og atter andre, metropolens by. Eg ville sagt sjømannskyrkja i London sin by. Men det er vel so. Eg har no vore her i vel fire veker, og det følest mykje lenger. Eg skal likevel vere her uendeleg mykje lenger enn det! Og det kjem sikkert til å følest uendeleg kort til slutt, men lat det gå. På sjømannskyrkja er eg mykje på kjøkkenet, noko eg synest er eit klokt val, med tanke på ettertida. Eg har til dømes laga brød, sjokoladekaker, brød, kringler, eplekaker og brød. Eit tåleg bra koneemne, om eg så skal seie det sjølv! Eg har allereie hatt eit besøk, tipp av kven. No har imidlertid besøket fordufta, utan spor. Jaudå. Her er eit par spor(var). Eg har etterkvart fått omgjort rommet til Kristian til eit rejdigt jenterom, med kjolar, speil, smykker, kjekke ting, ny persienne frå Ikea, vesker og ein (no tørka) rosebukett som eg fekk av det allereie gissa besøket. Er det ikkje guddis? Eg har også eit kart hengande på veggen, over Etiopia, slik at eg kan halde eit auge med han de har gissa namnet på. For augneblinken et eg Gullbrød frå Nidar. Det er jysla godt! Og eg høyer på Vamp. Så de skjønar, eg er ikkje heilt tapt bak ei låvedør, og er fortsatt klar over at eg er norsk!

Eg fann meg slikt eit kjekt kjøkken på Ikea!

Eg og besøket mitt var opp i London Eye. Det var kjekt.
No skal eg avsløre kven eg hadde besøk av, viss det endå er nokon rare der ute i det blå som ikkje har skjøna det. Berre vent!

Neimen! Skulle du trudd.

Kart over Etiopia over senga mi.

Denne har eg ete opp no. Dumt.
I det store og det heile trivst eg i denne fjellskrenten av ein by. Og det er gøy å vite at eg har GOD tid. Håper til dømes på å få spelt bridge på Tower Bridge. Det hadde gjort seg!
Takk.
september 10, 2009 at 23:54
Eg e jysla gla for at du e her. Og eg e gla for at det ska vara ei stonn.
Det e kje alle som diske opp med taco når eg komme hjem fra ferie. Du e go du!!
Glede meg te å rydda loftet samen med deg i mårå;)
september 11, 2009 at 11:55
ja hallo du! kjekt å lese om livet i london! kan jeg og vesla få komme på besøk? vi har flytta til nordstrand, det er digg:) jeg lever husmortilværelsen i fulle drag. men du baker nok besre brød enn meg;)
september 11, 2009 at 22:08
Kom gjerne på besøk! Men passar kanskje best etter jul.. Mykje som skjer framover heile hausten. Men det hadde vore superkjekt! Deilig på nordstrand då? Litt større leilighet kanskje?
Anne Karin: Tusen takk for kjekk kommentar! Loftryddinga var guddis! Du e goe!
september 23, 2009 at 12:16
Det høyrest ut som om opphaldet ditt i London kan gje frukter for meg òg. Det er ikkje verst. Eg kosar meg med bloggen din!
Gullbrød er vel strengt talt sjukt oppskrytt. Men ikkje Vamp. Eg spelte fotball ilag med ein lokal gjeng i går. Skulle helse.
Glad i deg.