I dag har eg vore sjuk. Det var den kjende, men ikkje så altfor kjære folkedjukdomen Omgongsjuka (eller ungdomsjuka, som eg lenge trudde det heitte) som tok knekken på meg i natt, og som var skuld i at halve natta vart tilbrakt på toalettet. Det var igrunnen ganske kjipt og keisamt å ligge på sofaen heile dagen, då eg eigentleg skulle oververe storslåtte hendingar i etasjen under. Men shitlagå, det var ikkje så mykje å gjere. På kjøkenet kunne eg ikkje vere. For ein poet! Men eg gjorde ein kjekk ting, og det var å sjå Poirot. Han er så kul! Merde! Skulle ynskje eg kunne bli slik, mon ami. Dessutan åt eg banan og drakk cola, og fekk mange helsingar frå folk som syntest synd på meg. Det er litt kjekt å vere skral. Litt. Eg bruker ofte å tenke, fordi eg sjeldan er sengeliggjande, at det hadde jo vore kjekt med ein sjukedag av og til, men når alt kjem til alt er eg ganske nøgd med å vere frisk.  Og ein blir jo ganske lei ganske fort når det er slik fatt, så eg håper at eg skal få en dag i mårrå, som rein og sjukfri står.  Og så er det alltid slikt eit fole styr når folk skal vere så redde for å verte smitta også, no i desse svinetider. Ein kan aldri vite kva ein går på seg.

No skal eg leggja meg. God natt, godtfolk!