Idet min kjære onkel Torkjells gamle data syng på siste strofe på siste verset, har eg tatt steget å kjøpe meg ein ny. Det er ein såkalla HP-maskin, som visst skal vere bra, skal eg ta Helga på ordet. Og kanskje eg skal det, for ho er trass alt over snittet god på data. Denne investeringa måtte jo kome for ein dag, men eg ser igrunnen ganske lyst på den. Splitter ny data. Dette har eg ikkje opplevd før, og eg kjenner at det er ganske stort. Eit stort steg ut i den verkelege verda, kan ein på mange måtar seie. Eller, no er det for real, som dei ville sagt det her i ju kej. Eg var også så lur å hugse på at det er lurt å kjøpe den i Noregs land, då dei tre siste vokalane i vårt alfabet er ganske essensielle i vårt daglegdagse språk. Og sidan vi har tima det såpass bra med besøk, så kjem den hit ilag med resten av familien 2. oktober. Og det er ikkje så himla lenge til! Det er ganske så guddis.

Her er den! Min nye HP-data. Den har tilogmed litt mønster på seg.

482473