No er det lenge sidan igjen. Jaja. Eg har gjort mykje sidan sist, men eg trur ikkje eg gidd å skrive så fole utfyllande. Skal heller guide dykk gjennom ein biletserie. Her kjem den:
Eg har vore på Themsenfestivalen ilag med familien Salvesen, her representert av dei to eldste gutta, Benjamin og Jac Malvin.

Vi har vore på stabstur. Biletet talar for seg, går eg utifrå.

Anne Karin har prøvd å overbevise meg om at ho er dårlig bak kameraet, berre for å tvinge meg til å måtte ta biletet av kyrkjerådet.

Eg og Ho-som-ikkje-turde-å-ta-bilete-sjølv var i Kingston for to veke sidan. Det var veldig kjekt og ein koseleg by litt utanfor London. Rett guddis, var det.

Eg fekk vere med dei vaksne på tur

Vi drog til Tower of London

Traitors Gate med Synne i framevja. Beware.

Med Tower Bridge i bakevja.

Kjekke kameraet mitt!

Så, veit de, fekk eg heile den galne gjengen Hjertvik på besøk. Det var kjekke dagar, hurra!

Eg og Sofie kjøpte oss like kjolar.

Ja, dette var dei siste tre vekene i mitt liv, i biletform. Vonar det fell i smak.
Denne helga har eg vore så langt som til Belgia. Med buss. Dette skulda årets konfirmanttur. Vi var 17 stk inkludert bussjåføren, som reiste frå London torsdag ettermiddag, og like mange som kom tilbake i gårkveld, altså søndag. Det var ein veldig kjekk tur! Vi opplevde mykje eg ikkje kjem til å skrive om her, fordi eg ikkje gidd. Men det innebar leik, bading, klatring og balansering på stokkar og anna, 5-10 meter over bakken, skrik og skrål m.m. Det var guddis, og like guddis å kome tilbake. Jepp. Kanskje det kjem bilete, men eg trur ikkje det.
I kveld skal eg på FAME! Jeh! Eg GLEIAR meg.
God kveld.
oktober 12, 2009 at 20:51
hei! london lookin good! skal vi møtast ein dag? sjukt at vi ikkje har møttast enno… eg har diverre byrja på skule no og har seks (?????????) oppgåver på ein og same gong. men kanskje vi skal møtast i helga? over ein kopp te? yes?
oktober 13, 2009 at 12:54
Så kjekke kjolar! Og kjekke bilete. Du er så kjekk atte.
oktober 13, 2009 at 18:03
Artig med Themsenfestivalen ilag med familien Salvesen!
oktober 13, 2009 at 18:04
Og du er ikkje så verst på denne blogginga sjølv heller (gamle ørn sjølv…)
oktober 14, 2009 at 15:38
Hehe! Den hadde ej gløymt, Sofie! Frode ass. Gamla ørn sjølv..!
oktober 14, 2009 at 15:47
Og, ja, Laila. Det er jo teit at vi ikkje har møtt kvarandre enno. Men det har seg slik at eg liksom ikkje har helg i helga, om du skjønar. Her er liksom full rulle laurdag og søndag, og eg skal jobbe begge dei dagane denne veka. Men sjansane er relativt store for at eg kan gå eit par timar før på søndag. Skal vi halde kontakta berre? I’ve got your number!
oktober 14, 2009 at 23:16
Klage du på fotograferingå mi??
oktober 15, 2009 at 19:55
Det går vel ikkje an å gjere så mykje anna enn det. Råte, var det!