I dag er det november. Eg er forelaupig på jobb. Ute verkar det som at vêret endeleg har forstått at det er haust, så det har bestemt seg for å blåse litt. Det er kjekt. Det er fint med haust. Kjensla av å kunne ta på seg gode kle og gå ut i det sure vêret er god. Det er også kjekt å site inne og planleggje julegåver og snuse rundt på hobbybloggar i slikt eit vêr. For det er jo snart jul! Oppe i Oxford og Regent og dei andre streetsa har dei fått opp julelysa, og ventar berre på å kunne setje i kontakta ein av dei nære dagane. Då vert det stemning! Eg gleiar meg til førjulstid i London! Men førelaupig står eg her, på kjøkenet på kyrkja, og lengtar ut mot stormen.