Eg er atter på jobb. Kanskje eg skulle skifte bloggnamn til jobbebloggen. Men det gjer eg ikkje. I dag har det vore den såkalla remembrance-sunday. Då minnast vi alle dei som gjorde ein drabeleg innsats under krigen, men som ikkje kom frå det med livet i behald. Vi er òg særs erbødige ovanfor dei som overlevde og som faktisk er i live den dag i dag. Nokre av dei kom til kyrkja, og vi viste dei ære. Nokre av dei fekk også lov til å lese. Det gjorde eg òg. På engelsk. Framfor ei heil forsamling av veteranar frå 40-talet. Det var kjekt det, forsåvidt. Men fekk ikkje noko kompliment etterpå. Det hadde ikkje skjedd i Ørsta frikyrkje, I tell you!
Resten av dagen har gått med til oppvask for det meste. Og litt kyrkjekaffirestar. Tru det eller ei, trass i at det sikkert var 100 000 til kyrkje i dag, var der faktisk eit par hjørne att av kakene. Vi metta 100 000 og hadde fortsatt mat att. Er ikkje det evangelisk så veit ikkje eg, ass.
No på slutten er eg velsigna med ein kjekk kar som sit og spelar Grieg på flygelet vårt. Det er kjekt. Skulle berre ynskje det var eg som sat der på pianokrakken. Men det er det ikkje.
Alt vel.
november 11, 2009 at 21:29
Kanskje er det ein dag du som spelar Grieg på Flygelet. Kva veit vel du? Noko som er sikkert er at Ketil Bjørnstad kanskje skal spele på det. Er det ikkje så? SVÆRT!
november 11, 2009 at 23:19
Pass på å skriva nynorsk. Heila tiå!
november 15, 2009 at 02:45
Det var kjekt å sjå deg i kyrkja Marine! Ein fin plass, god atmosfære der og strålande kyrkjekaffi