Sidan mange andre gjer det, og sidan også eg har fått førespurnad om kva eg ynskjer meg, og fordi eg tykkjer det er storleg kjekt og stas at det nærmar seg jul, så slenger eg meg på ynskjelistebølgja.

  • iPod touch
  • Halvlang cardigan (gjerne mørkegrå eller blå eller grøn eller brun eller gul)
  • Tepresskanne
  • Bruktmarknadsting. Gå på vitjing til onkel på gjenbruk!
  • Heimelaga ting
  • Tursekk, 60 l. Til dømes ein slik
  • Bøker
  • Filmar
  • Fine ting
  • Musikk
  • Visesangbok
  • Spel (TP, Settlers, Blokus, Bohnanza, you name it! )
  • Kjekke ting
  • Hobbysaker
  • Kjolar og skjørt
  • Strømpebrøker
  • Sminke (eg tek etter søster mi, og byrjar å samle)
  • Minner
  • Koselege og morosame ting
  • Bilete
  • Ein gamal damesykkel
  • Plaster (eg er så peivete med desse knivane)
  • Super-/ullundertøy
  • Bidrag til eit par fine vinterskor
  • Ein stor trillekoffert!
  • Fint brevpapir
  • Kunst
  • Kjekke koppar

Det var det eg kom på i farta. Det kan godt tenkjast at det vert oppdatert etterkvart. Det vert det ja!

Ein annan praktisk ting. Sidan eg bur der eg bur, er det eigentleg greiast å få gåver når eg kjem heim, sjølvom det vil seie at eg ikkje får pakke opp så mykje på sjølve julaftan. Eg får berre så gruspøkjla mykje ting å drasse med meg heimatt til somaren viss alt kjem unødig bortover her.. På førehand takk!