I dag kjøpte eg noko som gjorde at eg fekk ei kjensle av at eg er blitt vaksen. Eg gjekk på butikken og skaffa meg ein slik dings som ein har i do for at odøren ikkje skal slå deg i bakken. Ein slik ein festar nedi skåla. Den hadde ei grøn væske som lukta “outdoor fresh”. På engelsk heiter visstnok produktet odour elimination, men kva det heiter på nynorsk veit eg ikkje. Det var litt ekkelt å feste den, men etter berre eitt einaste nedtrekkingsførsøk, kjende eg meistringskjensla fløyme opp i meg: dette kan eg! Eg føretok meg ein kjapp liten kik, og det var forsynemeg såpeskum i vatnet òg. Håddu!
Pluss at det er varmt i vêret, pluss at eg har kjøpt meg ein ny kjole, pluss at eg var på ein liten roadtrip på den engelske landsbygda i går, pluss at eg elskar grey’s anatomy, pluss at livet er godt, pluss at eg bloggar!
For eit comeback!
For eit comeback! Kjekt viss me plutseleg skulle verte aktive bloggarar att, begge to!
Alle tre!! Hehe. Det skjer nok ikkje frå mi side. Eller, kven veit når skrivetrongen melder seg?
Ein artig post og eit flott comeback, var det i alle fall, Martine! Tenke seg til, at du har vore på roadtrip på den engelske landsbygda. Sjukt.
Jaja, du må ikkje leggje for mykje i det. Det var ein halvannen times køyretur for å besøke ei gamal dame. Men det var kjekt å køyre med vindauga opne, vind i håret, solbriller og Lars Lillo!
Ikkje sant? Lars Lillo fiksar det meste.
comeback, ja. Eg er spent på om det kjem comeback frå mi side.
Men eg er berre nyfiken på om det kjem friluftslukt etter du har bæsja… hehe
storkosar du deg? lenge du vert borti Londond?
Du, den friluftslukta er ganske sterk, vurderer nesten å ta den vekk. Men den drep iallefall alt snev av bæsjelukt.
Eg storkosar meg. Gjer du? Kjem heim 5.juli. Om ein månad altså, sånn heilt nøyaktig.
For ein kjekke header!!