I går hadde det seg slik at eg klemra meg noko hinsides i ei slik litt tung svingdør. Det var kveld. Eg gjekk ei sein låserunde, og ana fred og inga urovekkjande fare. Men i det eg skulle til “å ta med meg” døra og låse ho, vart ho rett og slett for rask for meg. “No skal eg vise ein gong for alle at eg er meir enn ei låvedør, og desto mindre tapt bak ei slik”, tenkte nok svingdøra idet ho small over ringefingeren min. Ho klarte dog ikkje å brekkje han, i det minste. Her må vi ta med alle dei positive momenta vi kan. Han skifta likevel fort farge, frå den såkalla “hudfargen” til det meir blålege, og væske spruta ut av tårekanalane. Eg sutra, og kontakta dei eg kjente på åstaden. Det vart slått fast at naglen var blå og moglegens burde bli laga hol i. Dette var eg skeptisk til, så eg treiv til meg ein ispose og sat med handa heva resten av den ulykksalige kvelden.
I dag hadde eg derimot fått motet på topp og sa til Helga: “Ta denne nåla, og et ho!”. Neida, det var ikkje det eg sa. Eg spurde fint om ho ville hjelpe meg å stikke hol i naglen min slik at blodet kunne få strøyme fritt.
Ho takka ja.

Dette biletet seier smerte. Du er jaggu ikkje snau!
Ja, det seier det. Det sa det til meg då eg tok det. Smerte, sa det. Snau nei. Det har eg aldri vore.
Ka ti ska du bjynna å blogga igjen??
Å så tror eg me snart ska ha ein skypedate..
Klem