No har det seg slik at eg av kjære Sissel fekk ein såkalla award forige veke, som eg no har tenkt å ta imot på strak arm. Men eg har først ei lita ytring forma som eit spørsmål å kome med. Kvifor award? Er ikkje det ein slags premie for at du har gjort noko bra? Jo takk, eg har jo gjort mykje bra i livet mitt, det ville vel ingen tvile på, så slik sett fortener eg sjølvsagt ein slik award. Men dette liknar liksom ikkje heilt mitt bilete av det. Men eg tek jo imot det eg får, og i dette tilfellet var det å liste opp ti ting (jeg hater ved deg) som kanskje ikkje er allment kjent om meg. No er eg ikkje så høg på pæra at eg trur at ALLE i verda kjem til å lese dette, så for nokre kjem det sikkert til å vere nokon ting de betraktar som gamalt nytt, men la gå. Her kjem uanZ lista:
1: Eg kan til tider vere ganske morgongretten. De kan, om de vil, kvalitet -og garantisikre denne påstanden ved å spørje kva som helst slags menneskje som har delt tak med meg.
2: Eg får litt makk i fingrane viss nokon held på med noko dei ikkje heilt får til, som til dømes å opne ei boks med mais eller skru av loket på eit syltetøyglas. Eg vil gjerne freiste og sjå om eg får det til.
3: Eg likar veldig godt alle dei kjekke filmane med Hugh Grant!
4: Eg kan av og til vere veldig pratesjuk. Andre gongar ikkje. Det går opp og ned dette. Rart med det.
5: Nokre gongar, om våren, når eg ser ein herleg flekk tørr asfalt, vert eg så glad og våryr at eg må bort og hoppe på han!
6: For augneblinken er eg i overkant langt borte frå kjærasten min. Eg er i London (som ligg i United Kingdom, Europa). Han befinn seg i Addis Ababa (som ligg i Ethiopia, Afrika). Vi har i underkant lite kontakt. Dette synest eg til tider er i overkant lite guddis.
7: Eg fekk ein gong høyre frå ein treåring at eg er så flink med ungar. Takk.
8: Eg har byrja å skrive julegåveliste, noko eg er særs nøgd med.
9: Ein gong då eg var lita, prøvde eg å stå og tisse. Det var ikkje ein veldig stor suksess, men det gjekk på eit vis. Trur likevel ikkje eg skal byrje med det att. Overraskande nok.
10: Den siste tingen bør liksom vere den beste og mest morosame då. Det vert den nok ikkje. Eg ser fortsatt på barneTV, viss det er noko kjekt som går, og noko av det eg likar aller best er mummi, fraglene og sesam stasjon (spesielt Erling og Bernt). Også noko av det litt nyare kan òg vere bra, som til dømes Katja Kai og Bente Bent og Sauen Shaun.
Ja, det var lista si det! Men så skulle eg visst sende denne såkalla awarden vidare til nokon andre. No har det seg slik at eg ikkje er den mest teknisk anlagte kniven i skuffen, så eg veit ikkje korleis ein linkar liksom, slik som Sissel gjorde då ho utfordra meg til å ta denne utfordringa. Men dei eg utfordrar er i alle høve desse:
Med tankane svive
aloha
Henrik Koppen
Hugstrid
Eivind Myklebust
Sofie
Eg klarte det visst likevel, etter mykje om og men då, sjølvsagt. Men slik skal det vere! God kveld.